Innanfor Utanfor

Ein møteplass

Dei verkeleg store problemstillingane løyser vi ikkje kvar for oss. Det vert satsa mykje og arbeidd hardt for å motverke varig utanforskap. Likevel går utviklinga i feil retning.

Vår overtyding er at vi må setje oss saman med all erfaring og kunnskap. Vi har sett at då finn vi løysingar der vi speler på kvarandre og alle ressursane vi har tilgang på i lag. Slik skaper vi håp for framtida og inviterer alle med på å skape den.

Vi vil snakke med – ikkje om.

Vi ønskjer alle som erfarer utenforskap, som arbeider på ein eller annan måte med å forebygge utanforskap eller som brenn for tema til å delta i dialogen om korleis vi finn løysingar i samspelet mellom oss.

Vi vil bringe mange sektorar, miljø og personar inn i det same rommet for at systema kan snakke saman!

Innanfor er ein møteplass og eit fellesskap som er opent for alle. Her kan du sjå eit glimt frå konferansen i 2023:

Og her kan du sjå konferansen i 2022:

Møteplassar i 2024

Gjennom året vil vi møtast i ulike samlinger for å jobba vidare saman, bli betre kjent, og få til meir i lag. Sjå også LinkedIn-gruppa.

Vil du ha invitasjonar når noe skjer? Skriv deg opp på denne lista.

Kven arrangerar?

Ei kjernegruppe med folk frå blant anna Ålesund kommune, biblioteket, Brisk AS, ALV (Arena for læring om velferdsteknologi), Framtidslaben, The North West og NAV som saman har teke ansvar for å invitere til og fasilitere møteplassen.


Bli en del av bevegelsen for innenforskap du også! 

Har du og lyst til å høre mer om arbeidet med Innanfor - Utanfor, eller har du lyst til å vere med i kjernegruppa? Det er også heilt opent for alle, anten du jobbar med dette eller er engasjert som innbyggjar. Vi tror på kraften i fellesskap for å skape positive endringer! 

Ta kontakt med oss: 

Lia Ciobanu Andresen, Lia.Ciobanu.Andresen@alesund.kommune.no

Kristin Skjærseth Hildre, kristin.skjaerseth.hildre@stolav.no

Elin Christine Melby, Elin.Christine.Melby@nav.no

Heming Sand, heming.sand@brisk.no

Hege Steinsland, Hege.Steinsland@alesund.kommune.no

Neste
Neste

Nye ledere av Framtidslaben og the North West er på plass